fbpx

Knust av dansk glass – Men alle sikra ny jobb

Ein dansk konkurs knuste Hillesland Glass AS. Dei tilsette på Vormedal er sikra jobb hos Glass & Låsservice AS i Haugesund.

Det har vore nokre tunge dagar i den familieeigde bedrifta Hillesland Glass AS etter at samarbeidspartneren Midtglas i Danmark gjekk konkurs tidlegare i vår. Eigarane tok sjølv vegen til skifteretten. Konkursen svir for eigarane, men får ikkje dei store konsekvensane for tilsette eller kundar. Glass & Låsservice AS i Haugesund overtar heile staben på sju og leigeavtale om lokale og driftsmidlar på Vormedal.

Slag i trynet

Då sønene til gründaren Kåre Hillesland, Ove og Per, i 1999 overtok bedrifta, blei det gjennomført ei refinansiering i selskapet med blant anna eit lån til den danske leverandøren Midtglas. Avtalen gjekk ut på nedbetaling av gjelda med provisjonsinntekter.

– Konkursen var som eit slag i trynet. Me var godt i gang med å innfri avtalen og ville ha kvitta oss med denne gjelda i løpet av neste år. Etter at Midtglas gjekk konkurs og banken ville ha panta innfridd, såg me ingen annan utveg enn å gå til skifteretten, opplyser Ove Hillesland til Haugesunds Avis.

Det konkursramma driftsselskap var nesten i mål med ein fusjonsavtale med Glass & Låsservice i Haugesund då det den danske samarbeidspartneren gjekk ad undas. Hillesland Eiendom AS, som eig både bygningar, maskinar og utstyr på Vormedal, er ikkje ramma av konkursen.
Eigedomsselskapet som har elleve andre leigetakarar, hadde lånt ein større sum til det konkursramma driftsselskapet og Ove Hillesland reknar med at desse pengane nå er tapt.

Ville ekspandera

Vormedalselskapet hadde i 1999 store planar om ekspansjon både i omsetning og tilsette, men planane blei aldri sett ut i live. Med unntak av hastearbeid har det heller ikkje vore produksjon av glas ved anlegget den seinare tida.

– Me har dei siste åra drive som ei rein handverksbedrift og har eit oppsving det siste året som i fjor gav eit overskot på pluss 350.000 kroner, seier Ove Hillesland, som nå blir dagleg leiar for Glass & Låsservice si avdeling i Haugesund.

Dagleg leiar i Glass & Låsservice, Karl Arne Hagen, seier at alle dei tilsette i Hillesland Glass får fast jobb og er i alt i gang med utgangspunkt frå same arbeidsplass.

– Gjennom ein del nye kontraktar har me for tida så mykje arbeid som gjer at me kan ta inn alle, seier sjefen i selskapet som har avdelingar både på Karmøy, Odda, Kvinnherad og Stord.

Handla raskt

Advokat Svein Aarseth er oppnemnd som styrar i konkursbuet til Hillesland Glass AS. Han har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Aarseth har handla raskt og var positiv til ei løysing som gjorde at tilsette og kundar i liten grad blei skadelidande.

Siste tilgjengelege rekneskap syner at selskapet ved inngangen til 2001 hadde ein negativ eigenkapital på 5,2 millionar kroner. Omsetninga i 2000 og dei to føregåande åra låg på mellom 7,4 og åtte millionar kroner og selskapet har hatt heller dårlege resultat.
SR-Bank har pant både i fordringar (tre mill.kr), varelager (to mill.) og motorvogn (0,5 mill.).

Dagleg leiar Karl Arne Hagen i Glass & Låsservice AS tar imot alle tilsette i Hillesland Glass og Ove Hillesland blir leiar for avdelinga i Haugesund.